
I dag var det Lena som hadde fredagssamlinga på Skjong barneskule. Vi starta opp med å synge bursdagssangen til ei jente som hadde bursdag i går(torsdag), før Kometgruppa kom fram og viste fram ting som starta med bokstaven P, som er veka sin bokstav. Etter det fekk elevane fortelje til resten av elevane på skulen kva dei hadde lært denne veka. Nokon hadde lært seg nye engelske ord, nokre hadde lært rekkjefølgja på planetane, medan andre kunne stolt seie svaret på ulike matematiske oppgåver. 3.årselevane sang ein engelsk sang. There is a spider in the bathroom heitte den. Så var det eit innslag frå verkstad der Tellus og Sol sang planetsangen og to gutar las opp fakta frå planetane Jupiter, Saturn og Tellus(planeten vi bur på). Vi tok og opp vårt neste fokusområde på skulen, som var å halde garderoba i orden. Lena viste teatralsk kva som kan hende om det ligg tøy i gangen og ein vaksen kjem gåande med mykje dyrt utstyr i hendene. Til slutt var det overrekkelse av Ryddefjøla.