Leseaksjon 2014
Publisert 16.11.2014 av Lisbeth Røsvik Ytterland
På fredag fekk 4. klassingane utdelt diplomar etter innsatsen dei gjorde under leseaksjonen hausten 2014. I to veker har dei fleste lest mykje både på skulen og heime.
Vis bildearkiv
Åse-Marie leia samlinga i dag med faste innslag som markering av bursdagsbarn, smilefjes og ryddefjøla. I tillegg orienterte Terje oss om kor langt nye skulen har kome i prosessen. Han viste oss mange flotte bilete av både uteområdet og inne. Til slutt framførte 2 jenter frå 4. klasse ein dans dei har dikta sjølv.
Vis bildearkiv
4. klassingane framførte 2 melodiar på blokkfløyte til alle på skulen. Etter ein periode med øving i musikktimane har dei blitt rett så flinke.
Vis bildearkiv
Ada avslutta i dag skuleveka med felles samling for heile skulen. Vi starta med "Skjong sangen" som snart blir historie. Tre av elevane har hatt bursdag denne veka. Dei blei hylla med sang og applaus. Mange elevar har fått tildelt smilefjes denne veka. Dei fekk kome fram å fortelje kvifor dei har fått smilefjes av læraren sin. 4. klassingane har dei første vekene arbeidd med temaet verdsrommet som tema i naturfag. Lena lærte oss sangen om planetane på samlinga i dag. Til slutt fekk Ada fram to elevar som skulle fortelje om "ryddefjøla" til nye elevar. Ryddefjøla vart levert til 4 c. Dei har dermed hovudansvaret for at alle uteleikene er rydda inn i leikeskuret neste veke.

Ada avlsutta samlinga med å ønskje alle ei god helg !
Vis bildearkiv
Onsdag var vi på skuletur på Hustruhamna. Vi hadde ein fin dag med fint vêr og stor aktivitet i fjøra med grilling, krabbefiske m.m. Store og små kosa seg i dette flotte naturområdet i dag. Dei nye 1. klassingane våre viste seg å vere skikkeleg spreke.

Intensjonen vår med ein skuletur tidleg på skuleåret er å bli kjende med nye elevar og lærarar. Felles opplevingar kan vere med på å styrke samhaldet og fellesskapet både i klassa og blant elevane og lærarane på heile skulen.
Vis bildearkiv
Vår tradisjonelle fredagssamling gjekk ut i dag, då vi fekk gjestar frå Rio de Janeiro. Denne konserten er ein del av kulturtilbodet til grunnskulane i Møre og Romsdal. Konserten vert kalla Samba rundt bordet.

Kva kan skje når fire brasilianske musikarar dumpar ned på ein kafe i Noreg og møter ein norsk servitør. Dette fekk vi oppleve i dag. Svingane og flott musikk, samt eit innblikk i brasiliansk kultur.

Flott avslutning på veka. God helg!
Vis bildearkiv
Tur i fjøra
Publisert 06.05.2014 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Ei verkstadgruppe var i dag i fjøra. Oppdraget var å lage kunst av ting dei fann på stranda. Det var ein ivrig gjeng som tok oppdraget med eit stort engasjement. Vedlagde bilete viser kva dei fekk utretta av både søppel og skrot dei fann i fjøra, rakved, tau, vatn, steinar, skjell m.m.

Vi tok bilete av kunsten og skal studere kunstverka på skulen på torsdag. Då blir det kåring av det mest fantasifulle kunsverket som blei laga i dag.

Det vil bli lagt ut bilete frå alle verkstadgruppene sine kunstverk under verkstad. Gå inn på verkstad og vidare på hav, så finn de mange flotte bilde.
Vis bildearkiv
I dag var 3. og 4. klassingane så heldige å få besøke Atlanterhavsparken. Dette blei ein flott inspirasjonsdag til vårt neste tema om HAV. Tommy tok oss først til pigvinane som skulle ha frukost. Vi fekk til og med sjå ein nyfødd pigvinunge. Deretter fekk vi omvisning i tankane og undervisning om korleis dei mater og steller fiskane. Så fekk vi prøve å fiske krabbe med snøre og studere både sjøstjerne, krabber, hummer, anemoner, eremittkrepser m.m.

Matpausen tok vi sjølvsagt utandørs i det strålande flotte veret. Elevane fekk fritt utforske meir på akvariet resten av tida. Nokre ville inn å sjå meir på fiskane, medan andre ville leike ute i parken.

Vi avslutta turen med å gå ein tur på SIF-bana for å prøve den nye hinderløypa dei har laga til i skogen. Dette var ei flott avslutning på turen før vi tok bussen tilbake til skulen.
Vis bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator