Det er siste skuledagen i veka, og tid for fredagssamling ved skulen vår. I dag var det Marita som hadde leiaransvar.
Postar på programmet i dag var: *Hyllest til fødselsdagsbarn *Smilefjes *Sjølvlaga dikt ved klasse 2B *Leseaksjonen og utdeling av "Lesepris" *Framføring av klappeleikar v/1. klasseelevar *Læringspartnarar v/rektor og 4. klasse *Viktig informasjon frå rektor om Demma og om å klatre i tre!
Vis bildearkiv
Under verkstaden "Måse, havørn og rørsle!" vil de få lære om måse og havørn. Vi brukar kroppen aktivt når vi dreg på tur til Fløyna for å sjå etter fuglar. Motto: "Ut på tur aldri sur!"
Vi gjer merksam på at elevane har verkstadlekse, og de som foreldre/føresette skal signere på at leksa er gjort.

Det skal bli kjekt å treffe kvar og ein av dykk på verkstad!

Venleg helsing

Ellen og Lena
Vis filvedlegg
Pål Roaldsnes har sidan han var liten gut vore særs interessert i fuglar. I dag kom han til skulen for å dele noko av erfaringane og kunnskapen sin med elevar og personale. Her fekk elevane innhald i omgrep som t.d. hekking, rovfugl og ornitolog. Vi fekk høyre om korleis rovfuglar som ørn, jaktfalk og hauk lever, samt fuglane kjøtmeis, måse, ærfugl, havhest m.fl.

Pål har ei fin egg-samling, som han har samla frå han var barn til ungdom, denne viste han fram. Dette fenga både små og store. Pål presiserte at det ikkje er lov til å ta fugleegg! Vi fekk vidare høyre samanhengen mellom storleik, form og farge på fugleegga. Det var ikkje fritt for at vi vart noko storauga då vi fekk vite om ærfuglen som bæsjar over egga, og havhesten som spyr over egga for å kamuflere egga sine på bakken. Elevane verka oppriktig interessert i det Pål fortalde, og dei kom med mange gode spørsmål under samlinga.
Heldige er vi som får låne egg-samlinga til Pål under heile denne verkstadperioden.

Vi vil rette ei stor takk til Pål for inspirasjonen han gav, både små og store, til verkstaden om fuglar!

Bilete vil bli lagt ut seinare!

Lisbeth leia denne fredagssamlinga som sette oss i ekstra god nasjonalstemning. Det har seg slik at vi er heldige å ha både ein elev og ein lærar som spelar i korps. I førekant av samlinga hadde Lisbeth, på trompet, og eleven, på kornet, øvd inn to songar som dei framførte : «Ja vi elsker» og «Norge i rødt, hvitt og blått». Dei losa oss gjennom «Ja vi elskar» ved tostemmig messingspel! Det har neppe vore enklare å syngje til nasjonalsongen for elevar og lærarar som i dag. Vi vart alle imponerte! Kanskje kan dette vere med på å rekruttere fleire til å spele i korps? Tusen hjarteleg takk for fint spel!

I tillegg kan de lese om dei andre postane på fredagssamlinga: *Fødselsdagsbarn *Smilefjes *Ryddefjøl *Tiarvensong v/1. trinnslevar frå Måne og Komet. *Kva har de lært denne veka?


Vis bildearkiv
I vedlegget finn de undervisningsopplegget for verkstaden: "Fablar og photostory" v/ Ada og Lena

Gjennom sentreringsfaga norsk og samfunnsfag vil elevane få lære om fablar og få høve til å skape eigne tekstar og bilete til bruk i photostory. Dei vil på ulikt vis få presentert fablane "Haren og skjelpadda", "Løva og musa" og Eigne og andre sine feil".

Vi legg opp til refleksjon og samtale kring innhaldet i fablane.

Merk: Elevane får lekse til tysdag, noko som går fram av verkstadboka. Foreldra må hugse å sjekke leksa, og skrive under på at arbeidet er gjort.

Vi håper at dette vert eit lærerikt undervisningsopplegg for elevane!

Ada og Lena ønskjer alle velkomen til verkstaden vår!
Vis filvedlegg
Å kunne samlast til ei felles avslutning av veka, gjennom skulen si Fredagssamling er både lærerikt og kjekt. Denne fredagen var det Thea som hadde leiaransvaret for fellessamlinga.

I dag var vi heldige og fekk vi besøk av Kariann Giskeødegård og Sonja Drabløs frå Sparebanken Møre. I forbindelse med den offisielle refleksdagen, som var i går torsdag den 18.10., fortalte dei om kor viktig det er å bruke refleks, og ville dele ut refleksbrikker/band til alle elevane og personalet ved skulen. Sparebanken Møre deler i desse dagar ut heile 40.000 refleksbrikker. Vi fekk vidare høyre at det er Helene Mjøs som har designa motivet på refleksbrikkene. Tusen takk til Sparebanken Møre!
Her ved skulen vår startar vi opp med den årlege refleksvestaksjon torsdag den 01.11.12.

Fødselsdagsbarn: Thea tok fram alle som hadde fylt år sidan sist vi var samla. Glade og stolte stod dei medan heile skulen song den svenske songen: “ Ja, må hon leva!”

Neste post på programmet var “Smilefjes” Denne veka var det fem elevar som hadde fått utmerking gjennom smilefjes. Ein av elevane hadde vore uheldig og ramla på sykkel, men viste seg særs tapper og kom på skulen dagen etter. Nokon fekk smilefjes for fin innsats gjennom rydding av klasserommet etter Trivselsleiardans, andre fekk utmerkinga for framifrå arbeidsinnsats i norskøkt, henta hjelp når ein elev snubla ute, medan nokon viste seg som ein god ven i midttimen.

*Cheerleading har blitt populært også her ved skulen. I dag var det ei jentegruppe som synte kor flinke dei har blitt. Til fengande musikk og rytmer vart det vist element av dans, hopp, pyramider og kast. Elevane i salen følgde spent med på opptrinnet og det vanka stor applaus til utøvarane!

*Elevar frå norskgruppa til Lisbeth framførte songleiken “Per Sjuspring”. Denne songteksten har mellom anna vore leselekse for elevane. Det var kjekt å sjå gleda både hjå aktørane og tilskodarane under “Per Sjuspring”!

*Attgløymde klede: Kvar veke finn vi klede som elevane har lagt frå seg ute eller rundt omkring på klasseromma eller i gangane. I dag var det nokre av vottane, jakkene og gensrane som kom til sine rette eigarar.

*Siste post på fredagssamlinga var “Ryddefjøla”. 4.trinn kunne fortelje at dei fann heile 94 leiker ute i dag. Dette gir signal om at alle må vere meir aktive når det gjeld rydding etter midttimen. Komet har Ryddefjøla i veke i veke 43!

Riktig god helg til alle saman!
Vis bildearkiv
I dag var vi heldige som fekk ta del i “Egnerstund for barn” med Teater ViTo ved Karoline Isaksen og Tor-Ivar Forsland.

Gjennom høgtlesing, dramatisering og gode skodepelarprestasjonar, gav dei variert informasjon om barneforfattaren Torbjørn Egner.

I år er det 100 år sidan han vart fødd på Kampen i Oslo den 12.12.1912, kl 12.00.
Egner var ein fantastisk historieforteljar, visediktar, komponist og ein flink teiknar. I fleire generasjonar har barn fått teke del i dei mange produksjonane til Egner; bøker, viser, høyrespel og teaterstykke.
Karoline og Tor-Ivar viste ei forrykande framsyning gjennom song og dramatisering frå eit utval av dei mest kjende og kjære barnesongane og forteljingane hans. Elevane følgde spent med og levde seg inn i historiene til Karius og Baktus, “Kaptein Sorte Bill”, “Dyrevisa”, “Klatremus”, “Politimester Bastian” m.fl. Vi fekk også møte Tobias i Tårnet og tante Sofie.
Latteren sat laust hjå både elevar og personale ved Skjong barneskule.

Vi var alle einige om at dette var ei framsyning som også elevar frå andre skular burde få oppleve, og oppmodar om å ta kontakt med Tater ViTo for å få dei på besøk!

Vi rettar ei stor takk til Karoline og Tor-Ivar for ei fin Egnerstund, og ønskjer dei lukke til vidare med førestillingane!
Vis bildearkiv
På rekkje og rad drog elevar og personale på tur til Hustruhamna. Turen var meint som inspirasjon til verkstadtemaet: ”Kropp og helse” som tek til i veke 36.
Det var tydeleg at elevane hadde sett fram til turen!
For dei var godt utstyrte med grillmat, etter smak og behag, varm drikke av ulikt slag, klede etter veret og utstyr til å fange krabbar. Mange hadde vore i Hustruhamna før, men for dei nye 1.trinnselevane våre var dette ein ny turstad.
Vervarslet lova ikkje så godt, men vi var heldige! Opphaldsver og mildt var det då vi drog frå skulen kl 09.30. Vel framme til turmålet byrja det å regne litt, men ikkje meir enn at elevane samarbeidde og leita etter fjørefangst av ulikt slag. Ekstra stas var det å setje seg ned og kose seg med maten som foreldre/føresette omhyggjeleg hadde laga i stand og pakka i tursekkane.

Vi var alle einige om at vi hadde hatt ei fin turoppleving! På torsdag blir det ny tur, og då ”berst” det til fjells!
Vis bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator