Her finn du eit lite referat av det vi snakka om på foreldremøte onsdag 21.august.
Jupiter- og stjernegruppa var i dag i Skjongfjøra for å lage kunstbilete av ting dei fann i fjøra. Kreativiteten var stor og mange fine kunstverk blei forma i fjøra i dag. At det var eit strålande flott vêr, gjorde at både store og små kosa seg i lag. På ein slik dag som dette ser vi både at kreativiteten får blomstre, mykje fysisk aktivitet og sosial trening med krav om samarbeid. Ulike bilete av kunstverka ligg vedlagt.
Vis bildearkiv
Blandagruppa (tidlegare måneelevar) var i dag på uteskuleplassen, der vi avslutta verkstadopplegget om SAMANE til Åse-Marie og Lisbeth. Tidlgare i veka har dei fått ei grundig teoretisk innføring om samane med Åse-Marie på skulen. Joikakaker oppvarma over open ild sto på programmet i dag. Ventetida blei nytta til ulike aktivitetar, som å lage pil og boge, fisking på Demma og ulike fysiske aktivitetar på uteskuleplassen.

Bileter frå denne økta ligg på startsida.
Her er verkstadgruppa til Svein-Arve og Lisbeth på tur på uteskuleplassen. Elevane får grille og smake lammekjøtt og flatbrød. Vi hadde ein fin tur i vinterkulda og alle elevane på jupiter likte svært godt spekekjøtt og flatbrød. På denne måten avslutta vi opplegget vårt om sauen.
Vis bildearkiv
Forteljingar
Publisert 06.11.2008 av tidligere bruker
Her finn du forteljingar som er skreve av elevar på Jupiter
Vis filvedlegg
Jupiter på fjelltur!!
Publisert 04.04.2008 av Svein-Arve Alnes
No i verktadsfri periode har vi delt inn gruppene i KRL, praktisk matematikk og kroppsøving. Svein-Arve har ansvar for kroppsøving, og nytta anledninga til å ta med seg gruppene på fjelltur no når det var så fint ver. Vi gjekk eit stykke opp på fjellet for å sjå Skjong barneskule og øyane rundt. Vi hadde ein fantastisk fin tur!!
Vis bildearkiv
Jupiter på verkstad
Publisert 19.03.2008 av Svein-Arve Alnes
Vi er akkurat ferdig med verkstaden "Andre kulturar og samfunn". Her finn de nokre bilete frå denne verkstaden.
Vis bildearkiv
Fredag, siste dag før påskeferie, hadde elevane på Skjong påskelunsj. Elevane tok med seg ei ekstra god matpakke, og så fekk dei grønnsaker, frukt og juice med skulen for å krydre matpakka si. Eit godt og sunt måltid!!
Vis bildearkiv
Eldre artiklar
28.09.2007 - Loggbok
31.10.2006 - Aksjon Lesekompis
17.10.2006 - Fotballkonkurranse
27.09.2006 - Hausttakkefest
26.09.2006 - Elevsamtale
03.09.2006 - Leeds United
22.08.2006 - Første skuledag.
16.05.2006 - MonsterJupiter
07.03.2006 - Froske-OL
01.12.2005 - Julebilder
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator