Fritidsaktivitetar
Publisert 21.09.2010 av tidligere bruker
Mars og Komet elevar var i veke 37 på verkstaden til Lisbeth og Hanne. Der fekk dei lære litt om ulike fritidsaktivitetar ein kan vere med på på Valderøya. Måndag fekk vi besøk av Ellinor Nedregård frå Kulturskulen. Ho fortalte om dansetilbodet ved skulen og viste oss ulike typar dans. På tysdag fekk vi besøk av Stig Gjethammer frå IL Valder fortalte om barneidretten og hadde litt trening med elevane ute. Torsdag var Gry Fylling her med søndagsskulen. Ho ga oss ein fin presentasjon av kva dei gjer på søndagsskulen.
Vis bildearkiv
Sykkeltur rundt Valderøya
Publisert 24.05.2009 av tidligere bruker
Saturngruppa klarte seg veldig bra på sykkeltur rundt Valderøya. Eg var ikkje med på turen, men Simon som hadde ansvaret for dei var veldig fornøgd. Halvvegs rundt øya stoppa elevane hos lærar Thea. Der åt dei lunsjen sin og leika og spelte litt, før dei sykla vidare.
Vis bildearkiv
Ryddeaksjon på Skjong
Publisert 24.05.2009 av tidligere bruker
Veka før 17. mai hadde heile Skjong Barneskule ein liten ryddeaskjon. Vi delte områda rundt skulen mellom oss, og rydda bort alt søppel vi kunne finne. Saturngjengen fekk området langs fortauet ved hovudvegen og nokre gater nedanfor der. Vi fylte ein heil søppelsekk med søppel som ikkje høyrer heime i vegkantane. Etter ryddeøkta var vi så heldig å få helse på kaninen til ei av jentene på Saturn:-)

BRA JOBBA SATURN!
Helsing Hanne

Vis bildearkiv
Inn i eventyrverda.
Publisert 11.11.2008 av tidligere bruker
Vi er no inne i siste runde på denne verkstadperioden, og hos Judith og Mette har vi hørt om Knerten og laga han. Det var litt vanskeleg å knyte, men med litt hjelp blei Knerten veldig fin!
Vis bildearkiv
Forteljingar
Publisert 06.11.2008 av tidligere bruker
Her finn du forteljingar som er dikta og skreve på data av elevar som går på Saturn. Kos dokke;)
Vis filvedlegg
Saturn bakar på verkstad
Publisert 09.09.2008 av tidligere bruker
Her har Saturn laga grovt brød på verkstaden Sunn mat i ein sunn kropp. På torsdag skal vi ete desse gode brøda i lag med smoothies. Nam, nam....
Velkommen til eit nytt skuleår!
Publisert 01.09.2008 av tidligere bruker
Det skal bli kjekt å vere lærar for Saturngruppa i år. Eg har møtt alle elevane i gruppa før, men det er ikkje sikkert at dei hugsar meg så godt. Saturn har det same rommet som i fjor. Eg håpar og trur at vi skal få det kjekt saman sette skuleåret.

Helsing frå Hanne
Fredagssamling
Publisert 18.01.2008 av Ada Hansen
Småpokalane gjekk til flotte gutar på Saturn i dag.
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator