Nok ein pokalvinnar frå Jupiter!
Publisert 14.09.2007 av tidligere bruker
Ein dag var det to ivrige gutar som sprang nedover korridoren på skulen. Dei har ikkje lov til å springe der. I det same kom Lisbeth ut av døra på eit rom. Ho bar datamaskina si og heldt på å miste den ned, i det gutane sprang rett på henne. Ho vart sjølsagt sint på dei for dette.
Etter ei stund kom den eine guten bort til Lisbeth ute. Han sa: "Unnskyld for at eg sprang på deg i gangen."
Dette syns vi var så flott gjort at vi vil gi han ein små-pokal. Den skal minne han og alle oss andre om kor viktig det er å seie unnskyld når vi har gjort noko gale.
Pokalvinnar frå Jupiter
Publisert 04.09.2007 av Svein-Arve Alnes
Denne guten fekk pokalen fordi han hjalp ei jente i går da sykkelkjeia hennar hadde hoppa av. Heldigvis for henne vart det fiksa, og ho slapp å trille sykkelen sin heim. Vi gratulerar!!
Denne jenta fekk pokal fordi ho har vore flink til å ta seg av ein ny elev på skulen. Ho tok ansvar allereie første friminuttet slik at den nye jenta slapp å gå åleine ute. I midttimen same dagen vart den nye jenta våt og pokalvinnaren lånte vekk buksa si, sidan den nye jenta ikkje hadde med seg skifteklede den første dagen. Well done!!!
Denne guten frå saturngruppa fekk i dag utdelt pokal fordi han har vore så flink å få med seg nye elevar på fotballbana. Dette syns vi er flott. Sånn vil vi at det skal vere!!!!
Saturn blei den heldige vinnaren av Vikingen!
Publisert 03.06.2007 av tidligere bruker
Saturn var so heldige at dei vann vikingen på fredag. Gjett om eg er ein stolt lærar no. Elevane har skjerpa seg mykje den siste tida. Dei har blitt flinkare til å vere aktive og høyre etter kva lærarane seier. På verkstad oppfører dei seg fint, og eg har fått mykje skryt av dei frå dei andre lærarane. Saturn har blitt flinkare til å rette opp handa når dei skal seie noko. Dei har også blitt flinkare til å gå roleg frå rom til rom, og vente utanfor døra til dei kan gå inn.
I tida framover blir det viktig at vi jobbar for å behalde vikingen. Det betyr at vi må fortsette å vere så flinke som vi er no. Det er mange som gjerne kunne ha tenkt seg vikingen, men vi må vise dei at vi har lyst til å behalde den så lenge som mogleg. Bra jobba, Saturn!

Helsing fra ei stolt lærarinne :-)
Vinnar av pokal
Publisert 01.06.2007 av Svein-Arve Alnes
Denne jenta vann i dag pokal.
PREMIERING
Publisert 25.05.2007 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Ein glad og stolt vinner av pokalen som blei utdelt på fredagssamlinga i dag.
Vis bildearkiv
Månegruppa fortener premie fordi dei har vore så snille mot Lisbeth etter at ho mista faren sin. Dei laga flotte teikningar, plukka blomar, passa på ho, gitt ho klemmar og vore veldig snille.

Når dei kom tilbake til månerommet blei pokalen gitt vidare til Lisbeth. Dei har i denne situasjonen lært mykje om å vere medmenneske og vise omsyn og empati for andre.
Eldre artiklar
01.12.2006 - Ny pokalvinnar
01.12.2006 - Ein stolt elev.
21.09.2006 - Ei glad jente
19.09.2006 - Vinnar av pokal.
05.09.2006 - Nå vart eg glad!
25.08.2006 - Ei stolt jente
21.06.2006 - Tellus
21.06.2006 - Vikingen
16.06.2006 - Fredag 12.mai
16.06.2006 - Fredag 12.mai
16.06.2006 - Fedag 12.mai
16.06.2006 - 09.juni
16.06.2006 - 09.juni
16.06.2006 - 09.juni
28.04.2006 - Fredag 28. april
31.03.2006 - Fredag 31. mars
31.03.2006 - Fredag 31. mars
31.03.2006 - Fredag 31. mars
17.02.2006 - Fredag 17. februar
17.02.2006 - Fredag 17. februar
17.02.2006 - Fredag 17. februar
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator