Fredagssamlinga vart leia av Ada denne fredagen, og samlinga hadde dei faste postane og nokre elevinnslag.
Ada starta med å ønske velkommen, før vi song for dei elevane som hadde hatt bursdag denne veka.
Det var mange elevar som hadde fått smilefjes, for god innsats og gode gjerningar.
3D har hatt gruppearbeid i kunst og handverk, og ei gruppe var framme og viste fram eit flott bilete frå ei dyrehage.
Ada minna elevane på kva for veg, dei skal bruke når dei går eller syklar til skulen.
Trivselsleiarane fortalde om mykje tull og tøys på TL-dansen og sa at dei som skal vere inne og danse, må høre etter kva trivselsleiarane seier, og gjere slik dei får beskjed om.
3D hadde øvd inn BlimE-dansen saman med Tonje, og dei dansa flott for oss!
Til slutt var ein elev frå 2.klasse framme og fortalde om kor mange leiker dei hadde funne ute.
Takk for ei fin fredagssamling!
Vis bildearkiv
Svein-Arve leia fredagssamlinga denne septemberdagen. Samlinga hadde dei faste postane og nokre elevinnslag.
Vis bildearkiv
Her finn du lenke til musikkvideoen vi har laga på verkstaden "Hav".

Artikkelen har video
FREDAGSSAMLING 9.MAI.
Publisert 09.05.2014 av Åse Marie Rønning
Dagens fredagssamling vart leia av Svein-Arve, og innehaldt dei faste postane.
Vi starta med å syngje Happy birthday, for dei elevane som hadde hatt bursdag sidan førre fredagssamling.

Etter dette var det tid for smilefjes, og dei som hadde fått det, hadde teke ansvar, to elevar hadde blitt flinkare til å lese, ein elev hadde kosta golvet på klasserommet, og ein fekk smilefjes fordi ho er snill i midttimen og høyrer etter kva dei vaksne seier i timane.

Terje fekk ordet etter dette, og han snakka om kva for vaksne som arbeider på skulen, og kva for arbeid som må til for at skulen skal drives. Han snakka om at alle som arbeider her, gjer ein viktig jobb, og at vi må vise alle respekt og vere hyggelege.

Det var så tid for verkstadinnslag frå Lena og Åse-Marie sin verkstad "Hav i storm og stille". Mange elevar synte fram bilete dei hadde måla, og så song vi ein song med dramatisering og kulissar til.

Til sist kom 2B fram og fortalde om ryddinga dei har hatt ansvar for denne veka. Dei fann 41 leiker ute, og masse klede. Ryddefjøla vart given vidare til 1.klasse.

GOD HELG ALLE SAMAN!
Vis bildearkiv
År 1År 2År 3År 4
Eg og dei andreKropp og helseHaust på SkjongNærmiljøet og byen vår
SteinalderenFortel, fortelEg diktarMedia, aviser
Jul i gamle dagarJuletradisjonarJul andre landJula sitt innhald
VerdsrommetFør ossYrkeRom og form
Andre kulturar og samfunnnHusdyr og gardsbrukPåskespelet
VatnFuglarHavMiljø


Her ved skulen har vi elevar frå 6 til 10 år. Så små born opplever verda som ein heilskap, ikkje oppdelt i faga norsk, samfunnsfag osv.
Dette er bakgrunnen for at vi her ved skulen har forma ut ein rullerande temaplan over fire år som vi organiserer opplæringa rundt. Hovudskjelettet ser ut slik som vist på dette skjemaet.
Denne fireårsplanen er samansett på den måten at L-06 sine ulike fagdeler omkring beslekta tema har blitt ein heilskap. Ei detaljert samansetjing av ulike fagelement utgjer essensen i kvart tema. Alle elevane ved skulen lærer om det same temaet på same tid. Eit tema som blir gjennomgått i år, kjem ikkje oppatt på same måten før om fire år. Ein vil likevel på ulike måtar repetere det ein har jobba med i eitt område i samband med beslekta tema.
Vis filvedlegg
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator