Fredag 12.12.14 var dagen komen, aller siste skuledag ved Skjong skule. Ein slik merkedag må markerast på skikkeleg vis og med hjelp av FAU vart dette ei flott avslutning.
Alle klassene var samla til ei litt annleis fredagssamling leia av Lena.
1. klassingane åpna med nydeleg Lucia tog pg song, før to tredje klassingar tente adventslys og heile skulen song med. Det vart og synge julesongar, Skjongskule songen, utdeling av smilefjes og markering av bursdagsborn. For første gong var det ikkje berre elevar som fekk smilefjes, men Lena delte ut smilefjes til alle dei ansatte som takk for den innsatsen dei gjer kvar einaste dag.
FAU stilte opp å laga til og spanderte pølse med brød, bollar, potetgull og brus!! Årets lunsj med andre ord:) Tusen takk til alle foreldre for dette, og ei ekstra takk til Iren, Tore og Therese, som og fekk smilefjes for sin innsats:)

No er Skjong skule historie, ein skule med verdas beste elevar, verdas beste ansatte/kollegaer og verdas beste foreldre. Med det som utgangspunkt ligg alt til rette for at det skal bli heilt supert å vere elev, ansatt og foreldre ved nye Valderøy barneskule og.
Takk for no, vi gler oss til fortsettelsen:)
Vis bildearkiv
Fredagssamling 7.11
Publisert 07.11.2014 av Sunniva Kvalsund
Fredagssamlinga denne veka vart leia av Lisbeth. To elevar i 4.klasse fekk smilefjes. Dei er flinke til å rydde i melkeskapet.
Det var Tonje som leia og på fint vis losa oss gjennom fredagssamlinga, eit av høgdepunkta i skuleveka.
Også denne fredagen hadde vi som vanleg dei faste postane: -«fødselsdagsbarn», -«smilefjes» –«elevinnslag» og –«ryddefjøla».

*Fødselsdagsbarn:
I dag var det tre fødselsdagsbarn og ein lærar som vart hylla med flagg og song.
11 elevar hadde gjennom veka utmerka seg på positivt vis noko som førte til at dei har fått smilefjes. Det dreide seg om alt frå god arbeidsinnsats i timane, flott leksearbeid, vere hjelpsam og ein god ven m.m.. Det er fint å få høyre om alt det positive som skjer i timane og i friminutta! Vi tenkjer at desse gode eksempla avlar nye positive handlingar til glede for både små og store!

*FN-dagen, i dag, 24.10.14.
Klasse 4C og 4D har lært om FN den siste tida, og dei viste til FN sin konvensjon om barn sine rettigheter. Alle barn har eigne rettar/lover som skal sikre at dei skal få det best mogleg. Barn har mellom anna rett til å gå på skule, rett til kvile, fritid og leik og rett til å seie si mening i alt som angår dei. FN sin barnekonvensjon inneheld 42 punkt som sier kva rettigheter alle barn har.
Elevane hadde øvd, og var flinke då dei las fleire av artiklane for oss på fredagssamlinga. Tusen takk til dokke alle!

*Fellessang:
Etter informasjon om FN passa godt med sangen: «Vi er barn fra forskjellige land».

*Sjølvlaga reklamefilm:
Fire jenter frå 4. klasse hadde laga reklamefilm om «Rosiner» Eit kreativt og flott innslag på fredagssamlinga!

*TL-dans: Til fengjande rytmer og synkroniserte rørsler var det kjekt å få oppleve dei positive trivselsleiarane våre gjennom TL-dansen

*Ryddefjøla: Siste post på programmet var ryddefjøla. Denne veka har det vore mange som ikkje har gjort jobben sin når det gjeld å rydde inn leiker etter friminuttet. Heile 90 leiker låg att ute! Vi må bli betre til å rydde; dersom alle tek ei leike kvar, når vi høyrer «rydderinget», får vi inn får vi inn alle leikene før helga! Det er klasse 3C som skal ha ryddefjøla neste veke! Lykke til!

Vi ønskjer alle saman ei riktig god hausthelg!


Vis bildearkiv
Fredagssamling
Publisert 17.10.2014 av Inger Anne Urkedal
Fredagssamlinga idag vart leia av Jakob som kunne fortelle at han var litt smånervøs sidan dette var første gongen han skulle leie. Men nervøsiteten forsvann fort når dei flotte og flinke elevane våre kunne hjelpe han med alt han skulle hugse:) Det var ei fengande og flott fredagssamling med fin allsong, bursdagssang og utdeling av smilefjes til ein god gjeng elevar. Det er mykje fine ord, gode gjerningar og hjelpande hender blant elevane på skulen, dette er vi som lærarar veldig stolte av!
Jakob informerte og om tv aksjonen som er førstkommande søndag. Det er Kirkens Nødhjelp som samlar inn penger til vatn til fattige familiar i Afrika. Vi fekk sjå ein liten film om Agnes på rundt 8-10 år frå Tanzania som hentar vatn til familien sin to gongar dagleg, noko som kan ta opptil 5 timar.
På tampen av samlinga viste ein av førsteklassingane våre fram ein artikkel frå Nytt i Uka der han var avbilda ilag med bestefaren og to til når dei hadde vore og drege teine. Han hadde og nokre gode spørsmål til dei andre elevane om krabbe og krabbefangst:)
Heilt til slutt vart ryddefjøla overrekt frå 4d til 3c.
God helg!
Vis bildearkiv
Fredagssamlinga, 5.september
Publisert 07.09.2014 av Ada Hansen
Fredagssamlinga, 5. september
Denne fredagen var det Åse-Marie som ønska velkommen fredagssamling. Det har vore veldig god stemning på samlingane denne hausten, og denne fredagen var ikkje noko unnatak. Elevane sit fint på rekkje og dei følgjer med på den eller dei som står framme, og har noko å seie.
Den første posten er alltid lik. Då får alle som har hatt bursdag sidan sist kome fram for å bli sunge til. Godt vi har Lena som alltid akkompagnerer på gitar!
Vidare på programmet var det dei med smilefjes som fekk kome fram og fortelje kvifor dei har gjort seg fortent til eit slik. Også denne fredagen var det mange som hadde gjort gode gjerningar og vore greie med sine medelevar.
Det er alltid kjekt med elevinnslag, og denne gongen var det tre jenter frå 3C som ville vise ein klappeleik dei hadde øvd på. Flott!
Rektor viste fram «Vikingen» og informerte om den. Det er tre ting å øve på framover,
~Å stå fint i rekke
~ Å gå fint i rekke
~ Å sitte fint på samlingar
Den klassa som framover ei tid er flinkast til dette, blir den første klassa i år til å få « Vikingen.» Det blir spannande å sjå!
Også i år har vi trivselsleiarar. Desse TL-elevane har vore på kurs og lært mange leikar som dei lærar bort på skulen, og har ansvar for å dra i gong i friminuttet. Jakob presenterte dei 8 nye TL- elevane og fortalde kva som er «jobben» deira.
Før vi sa god helg, vart ryddefjøla sendt vidare.
Vis bildearkiv
Lurivar og kjærleiken
Publisert 05.09.2014 av Inger Anne Urkedal
I dag hadde 1. og 2. klasse besøk av tunkatten Lurivar og Silje. Silje elskar bøker og kom for å lese for oss, men Lurivar hadde lurt seg med i bagasjerommet heilt ifrå Ivar Aasen-tunet, der dei bur. Lurivar ville gjerne vere med på tur for han elskar ord og er stadig på jakt etter nye, spanande og flotte ord. Han hadde med seg ein sekk med alle orda han hadde samla, over elleve tusen. Det var ei fengande forestilling med mykje song og moro. Elevane fekk vere deltakande både i song, dei gav Lurivar fleire nye ord og dei fekk trekke ord frå ordsekken til Lurivar og vere med på å lage dikt. Lurivar var lykkeleg og fornøgd med alle dei nye orda han fekk samla hos oss.
Silje og Lurivar dramatiserte og korleis Ivar Aasen gjekk fram då han samla dialekter for å skape nynorsken. Vi fekk og æra av å vere med i agent ordspion klubben. Heilt til slutt vart forestillinga avslutta ved at elevane fekk øve på å marsjere.
Vis bildearkiv
Bursdagsfest
Publisert 19.06.2014 av tidligere bruker
Idag var det duka for den årlege bursdagsfesten for alle på skulen, stor stas for store og små!
Bursdagsfesten starta med at den flotte "Ut mot havet" filmen vår blei vist på storskjerm medan vi fann plassane våre. Dei 12 månadane hadde fått kvar sitt bord og ein skulle sitte ved det bordet som representerte sin måned. Nokre flinke jenter i 4.klasse hadde laga flotte bordkort til kvart bord.
Lisbeth ønska velkommen før vi sang for dei som hadde hatt bursdag siste veka. Verkstadgruppa til Lena og Åse-Marie hadde deretter ei flott framsyning om når Jesus stilna stormen.
Alle elevane hadde med seg matpakken sin og vi hadde eit koseleg måltid saman. Etter dette var det tid for å synge bursdagssong for alle på skulen. Det vart sunge 12 gongar, ein song for kvart måned og det var både norsk, svensk, dansk og engelsk versjon. Lena måtte seie pass når ein av elevane ville ha sangen på italiensk, so dette må vi øve på til neste år!
Rektor Terje kom og med ein overraskelse til alle, FAU hadde spandert is på heile gjengen! Ongane var storfornøgde, vi rettar ei stor takk til FAU for dette!
Fire elevar frå 2A hadde fått smilefjes denne veka, to elevar frå 3B viste fram ein klappeleik og SFO viste fram flotte båtar dei hadde laga.
Etter ein flott bursdagsfest og eit kjekt år ved Skjong barneskule ønsker vi no elevar og foreldre ein riktig god sommar! Vel møtt neste år og til 4. klassingane våre seier vi takk for no, vi sjåast snart igjen på nye skulen.
Vis bildearkiv
Inger Anne leia denne første fredagssamlinga i juni.

På programmet stod følgjande postar:

*Fødselsdagsbarn
*Lesing i fokus ved Ada si norskgruppe
*Smilefjes
*Fjørekunst laga på Lisbeth sin verkstad: «Havet og fjøra» (kunstbilete)
*Øve på songar til sommarfesten

Første post var å ta fram tre stolte og glade gutar som hadde fylt år sidan sist vi var samla. Med kvart sitt flagg stod dei forventningsfulle og venta på hyllesten medan heile skulen song: ”Happy birthday to you”!

Som inspirasjon til andre programpost starta Ada med å lese Tove Fagerholm sitt dikt: «Tryllefomel for deg som vil lese». Gjennom å lese kvar sine vers fekk vi i praksis oppleve elevar som hadde erverva seg lesekunsten. Det var så kjekt å høyre kor godt dei hadde øvd! Her kom det tydeleg fram at «øving gjer meister»!

Også denne veka var det barn som hadde bidrege positivt til fellesskapet ved å rydde og halde orden i klasserommet. Dei fekk si velfortente utmerking gjennom «Smilefjes», samt applaus frå medelevar og personale!

Denne veka var det siste rullering på verkstaden «HAV». Lisbeth sin verkstad, «Havet og fjøra», har mellom anna brukt tysdagane i strandkanten. Elevgruppene sine kunstneriske og kreative evner kom tydeleg fram gjennom dei flotte fjørekunstbileta som vart vist på storskjerm!

Avslutningsvis øvde vi på songane til sommarfesten: «Vi er barn som har mye å gi» og «Stopp ikkje mobb!». Det er viktig at elevane øver godt på songtekstane heime slik at vi kan desse til vi skal opptre for familie og vener den 12.06.14!

Vi vil ønskje alle ei riktig god Pinse!

Vis bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator