Torsdag 11. desember spanderte FAU tur på heile skulen til Atlanterhavsparken. Vi drog frå skulen i buss, og var nesten heile dagen på akvariet. Vi fekk sjå på når dei gav frukost til selane og til pingvinane. Vidare fekk vi eit ark med spørsmål der vi skulle gå rundt i akvariet og finne svara på. Etterpå fekk vi gå rundt slik som vi ville, og klassevis fekk vi vere inne på aktivitetsrommet. Vi har hatt ein kjempekjekk dag, tusen takk til FAU!
Vis bildearkiv
Omvendt Julekalender
Publisert 27.11.2014 av Svein-Arve Alnes
I år vil 2. og 4.klasse(C og D) ha omvendt julekalender i adventstida.
Informasjon til føresette finn de i "Aktuelle lenker" (i høgre meny) - Omvendt Julekalender

Fredagssamling
Publisert 03.11.2014 av Tonje Hay Olsvik
Fredagssamlinga forrige veke vart leia av Sunniva. Det var første gong Sunniva leia fredagssamlinga, og ho var kjempeflink! Ho starta med å skryte av alle klassane som var veldig flinke og komme stille inn og sete beint på rekke. Første post på programmet var å ta fram dei elevane som hadde hatt bursdag sidan sist fredagssamling. Det var ein elev frå 2c denne veka. Neste post var å ta fram dei elevane som denne veka hadde fått smilefjes. Der var det mykje fine ord, gode gjerningar og hjelpande hender blant elevane våre. Vidare hadde vi to flotte elevinnslag frå jenter på 4. trinn. Først ut var to jenter som viste ein flott "knuteleik". Vi fekk også sjå ein morosam sketsj frå nokre jenter, om den blodige handa. Kjempeflinke elevar! Etterpå vart ryddefjøla gitt frå 3C vidare til 3D. Fredagssamlinga vart avslutta med ein flott allsang.
Vis bildearkiv
Fredagssamling veke 38
Publisert 19.09.2014 av Svein-Arve Alnes
Fredagssamlinga i dag vart leia av ei opplagt Inger Anne. Vi starta med å ta fram både store og små bursdagsbarn, som fekk velje seg ein bursdagssong etter eige ønskje. Valet fall på spansk. Lena var og framme og leia songøkta med to songar. "Høsten kommer" og "Vil du bli med opp på loftet". 1.klasse elevane var og framme å hjalp til med bevegelsane til førstnemnde. Så fekk vi presentert ein stein som ein av elevane hadde funne på fjelltur. To jenter hadde og ein dans som dei framførte. Flott samling denne fredagen! :)
Vis bildearkiv
Fredagssamlinga, 22.08.14
Publisert 22.08.2014 av Ada Hansen
Fredagssamling, 22.08.14
Det var Lisbeth som leia dette skuleårets første fredagssamling. Vi har aldri vore så mange elevar ved Skjong skule, så det er litt av ei utfordring å få plass til alle til fredagssamling. Sidan sist har vi fått nye 1.klassingar som fekk kome opp og syne seg fram, og seie kva dei heiter. Sjølvsagt med god støtte frå Lena og Inger Anne. Ikkje berre det, dei hadde jammen meg klart eit elevinnslag allereie på første samlinga. FLOTT 1.klasse!!
Ein stor takk til dei andre elevane også, for at dei var så flike til å vise dei nye elvane våre korleis ein skal oppføre seg på fredagssamling.
Alle som har hatt bursdag i løpet av sommarferien fekk reise seg, og vart sunge for. To jenter hadde hatt bursdag siste veka. Dei vart også gjort stas på.
Smilefjesa hadde vi ikkje kome skikkelg i gang med, men berre vent til neste fredag! Ryddefjøla skal også starte si runde i dei ulike klasseromma da.
Vis bildearkiv
Fredagssamling 16.mai
Publisert 16.05.2014 av Svein-Arve Alnes
I dag var det Inger Anne som leia si første fredagssamling, noko ho gjorde på ein flott måte! Samlinga starta med at elevane som hadde hatt bursdag sidan førre samling fekk kome fram og gjort stas på, før elevane med smilefjes fekk fortelje kva dei hadde gjort for å gjer seg fortent til denne utmerkinga.
Terje delte ut Vikingen, som denne gong gjekk til 2b. Vi gratulerar!
Verkstadsgruppa til Lena og Åse-Marie viste fram både kunstverk og eit skodespel/musikkinnslag dei hadde jobba med denne veka.
Samlinga vart avrunda med ein dans frå 3.klasse-elevar før tre jente viste ein flott klappeleik.
Vis bildearkiv
I dag var det Lena som leia fredagssamlinga. Først ut var 1.klasse som song Skjongskule sin song. Etterpå var det song og beveging til "Gøy på landet". Lena sin verkstad hadde fleire flotte innslag. To elevar fekk briljere med all kunnskap som dei hadde lært seg om høna, hanen og kyllingen, og 4 andre elevar hadde laga til eit lite skodespel som dei framførte.
Til slutt var det 4.klasse som leverte ryddefjøla vidare til 3a.
Vis bildearkiv
Klassens time
Publisert 22.04.2013 av tidligere bruker
Kvar fredag har 4. klasse klassens time. i den timen får elevane kome fram og fortelje eller vise fram noko dei er interessert i. Det kan vere fotball-laget sitt, ei god bok eller vise fram noko dei har laga. Her kjem nokre bilete frå veke 16.
Vis bildearkiv
Eldre artiklar
14.05.2012 - Øving til 17.mai
30.05.2010 - Tur i Skjongfjøra
26.04.2010 - symjinga
20.08.2009 - Thea si norskgruppe
25.11.2008 - Julestemning
12.03.2007 - Applaus!
08.03.2007 - Ta med eggekartong
25.02.2007 - Symjing på Vigra
26.01.2007 - Strikking!
04.01.2007 - Godt Nyttår !
15.12.2006 - Film
29.11.2006 - Vilden
20.11.2006 - veke 50-51
09.11.2006 - Forteljarverkstad
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator