TUR I FJØRA
Publisert 22.05.2012 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Mars- og kometgruppa hadde ein fin dag i fjøra i dag. Nærare 20 grader og sol heile dagen. Mange fekk vasse for første gong i år.

Mange fine kunstverk blei forma i fjøra i dag.
Vis bildearkiv
Blandagruppa (tidlegare måneelevar) var i dag på uteskuleplassen, der vi avslutta verkstadopplegget om SAMANE til Åse-Marie og Lisbeth. Tidlgare i veka har dei fått ei grundig teoretisk innføring om samane med Åse-Marie på skulen. Joikakaker oppvarma over open ild sto på programmet i dag. Ventetida blei nytta til ulike aktivitetar, som å lage pil og boge, fisking på Demma og ulike fysiske aktivitetar på uteskuleplassen.

Bileter frå denne økta ligg på startsida.
Sommarbrev
Publisert 22.06.2011 av tidligere bruker
Hei!
Da er siste skuledag unnagjort. Vi hadde ein fin bursdagsfest ute i skulegarden. Etterpå blei det tid til litt leik ute før vi rydda saman. 4.års elevane sendte vi ut samtidig, dei andre elevane på skulen sto på rekker og klappa dei ut av fire år på Skjong Skule. Det gjekk visst litt fort for seg med meg i går, så sommarbrevet blei liggande igjen på pulten min:-) Eg legg ved brevet her. Heilt til slutt vil eg ønske alle ein riktig god sommar.

Helsing Frå Hanne
Vis filvedlegg
Vi vann VIKINGEN!
Publisert 14.01.2011 av tidligere bruker
Mars var den gruppa som hadde hatt det mest ryddig i gangen utanfor Marsrommet og har vore flinke til å ikkje opphalde seg inne i gangane. Det var ei stolt gruppe som fekk ta i mot Vikingen. Han skal få det veldig godt inne på Marsrommet, og vi skal passe på at han får bli der heilt til nokon andre vinn.
Vis bildearkiv
Denne veka er mars og komet på verkstad om ulike fritidsaktivitetar saman med Hanne og Lisbeth. Måndag hadde vi besøk av Elleanor frå Giske kulturskule. Ho snakka om ulike tilbod innanfor kulturskulen generelt. Deretter fekk vi ei innføring i ulike dansetypar. Ho viste oss diverse utstyr og ein film.

Takk til Elleanor for ei fin orientering om kulturskulen.

Tysdag fekk vi besøk av Stig frå barneidretten i regi av I.L. Valder. Han snakka om kva tilbod dei har å tilby innan all idretten. Han avslutta økta med nokre praktiske øvingar ute. Vi takkar Stig for ei innhaldsrik økt.
Vis bildearkiv
Vi vil ønskje Mars og Komet velkomen til verkstadopplegget "Høne, hane og kylling" ved Kristin og Lena i veke 3.

Her vil de få lære om både høne, hane og kylling gjennom sentreringsfaga musikk og norsk.
De får informasjon gjennom powerpoint og video. I ettertid vert det kunnskapskonkurranse, så her gjeld det å følgjer godt med.
Vi skal lære regle og song utanatt. De skal få velje innanfor nokre av aktivitetane, så her kan det bli mykje kreativitet i høve til dramatisering og teikning.
Elles får de lekse både til tysdag og torsdag. Dette går klart fram av skjemaet.

Vi gler oss til å møte dykk!

Venleg helsing

Kristin og Lena
Vis filvedlegg
Nokon godbitar frå skidagen 12.februar 2009
Publisert 12.02.2009 av tidligere bruker
Alle på Mars hadde ein flott dag!
Vis bildearkiv
Hei
Publisert 11.02.2009 av tidligere bruker
Ja, da er eg tilbake etter to vekers sjukemelding. Det var godt å sjå alle igjen!
Vi er no i siste veka på verkstaden " Tida før oss". Dei har lært mykje og med anna fått lage seg flotte filtsoler!
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator