Kartlegging og tiltak
Publisert 20.07.2010 av Terje Austnes
Filvedlegg med ein kort oversikt over kartleggingssystemet ved Skjong barneskule.
Vis filvedlegg
Vi har også lært oss nye verktøy som passar godt til oppsummering etter ein verkstadperiode. Her har vi nytta to skjema som heiter iskrem og hamburger.
Vedlagt ligg eit flytskjema over korleis overgangen frå barnehagen til Skjong barneskule skal gå føre seg.

Vedlagt ligg også eit skjema vi har utarbeidd, som går på kva informasjon som er viktig for skulen å få i forkant av skulestart.
Vis filvedlegg
Vedlagt ligg punkt om kva lærarane forventar av foreldra når det gjeld læring og korleis dei kan bidra til å styrke det psykososiale miljøet på skulen.

Tilsvarande oppgåve skal foreldra/FAU utarbeide når det gjeld kva foreldra forventer av lærarane/skulen. Dei punkta er under utarbeiding.
Vis filvedlegg
LÆRING FOR ALLE - TRINN FOR TRINN
Minilotus
Publisert 15.10.2009 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Her er eksempel på bruk av skjemaet "minilotus". Skjemaet er eit læringsverktøy som vi bl.a. kan bruke i matte. Her skal elevane fylle ut skjemaet med ulike oppgåver, der alle svara blir 10.

Vedlagt ligg også eksempel på minilotus skjema om vekas bokstav.
Vis bildearkiv
Prosjektsøknad
Publisert 12.05.2009 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Prosjektet "ein alen til sin vekst" gjeld ikkje lenger berre Skjong barneskule, Valderøy barneskule og Sætra barnehage, men alle skulane og barnehagane i Giske kommune. Vedlagt ligg søknadsskjema, som viser målsettingane og detaljane i prosjektet.
Vis filvedlegg
Onsdag 13. mai får skulen vår besøk av firmaet "ringer i vann", som er våre faglege rettleiarar i prosjektet. Dei vil sjå på det fysiske læringsmiljøet på skulen vår og samarbeide med plangruppa om vidare arbeid med prosjektet.

27. mai arrangerer FAU foreldrekurs for nye føresette til 1 års elevar frå Skjong barneskule og Valderøy barneskule. I juni skal vi ha foreldremøte for alle foreldra ved Skjong barneskule, der vi både har planar om ein foredragshaldar og arbeidsoppgåver til foreldra. Viktig tema på dette foreldremøtet blir å klargjere kva forventningar foreldra har til skulen og lærarane, samt korleis foreldra kan bidra med heime for å hjelpe elevane med lese- og skriveopplæringa. På same måte skal vi lærarane på planleggingsdagen våra, seie noko om kva forventningar vi som skule har til foreldra. Dette blir viktige punkt å ta med seg vidare i prosjektet.

Elles arbeider vi med å få gode rutiner på plass når det gjeld overgangar mellom skule og barnehage, samt gode overgangar mellom skulane. Dette skal utprøvast no i vår.
Eldre artiklar
27.02.2009 - Norskprosjektet
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator