Karneval, 14.februar 2014
Publisert 14.02.2014 av Ada Hansen
Karneval, 14.februar 2014Karneval
I dag møtte oss eit spesielt fargerikt og fantasifullt syn då vi kom på skulen. Vi skulle ha karneval!! Her var utruleg mange flotte og kreative kostyme! Mange var jamvel heimelaga, og det hadde ikkje skjedd i ein «fei». Tradisjonen tro gjekk vi i tog ned til Skjong barnehage og synte oss fram. Dei hadde òg karneval i dag. Etter det fekk alle kome inn på storrommet, det det var dekka til fest. Her fekk alle pølser og frukt. Før maten song vi for bursdagsbarna og fekk høyre kva flott dei hadde gjort dei som hadde fått smilefjes. Etter det vart det tid for å gå «cat-walk.» Alle klassene fekk gå kvar sin gong rundt klasserommet, så alle fekk vist seg fram. Etter midttimen vart det leik, disco, film og anna kjekt. Ein super dag!! Vi ønskjer kvarandre ein GOD VINTERFERIE!!
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator