FREDAGSSAMLING 7.MARS.
Publisert 07.03.2014 av Åse Marie Rønning
FREDAGSSAMLING 7.MARS.Hanne leia fredagssamlinga, som starta med at vi song for vekas bursdagsbarn.
Etter dette var det tid for smilefjes, før nokre jenter frå tredje klasse, viste fram ein klappeleik som dei hadde laga.
Rektor Terje fekk så ordet, og han starta med å snakke om at vi må ta godt vare på leiker, og utstyr vi har på skulen, slik at det ikkje vert øydelagd.
Refleksakjsonen er ferdig, og vi har rekna ut resultata av den. Terje snakka om at årets resultat, er det beste nokon sinne. Alle klassene har vore flinke, og det beste resultatet var på 99,17% og det lågaste var på 95,29%. Fantastisk! Rektor fekk den beste premien: alle elevane er her - ingen vart påkøyrd!!! 3A vann heile refleksaksjonen, og dei vart jublande glade! Gratulerer!
Etter dette delte Terje ut Vikingen til 4.klasse. Dei er flinke og veldig gode førebilete for dei andre elevane!
Ryddefjøla gjekk frå 1.klasse til 2B.
Til slutt snakka Hanne om påskespelet, og kva vi skal gjere vidare i høve til det. God helg til alle!
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator