Øving til påskespelet og fellessamling
Publisert 10.04.2014 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Øving til påskespelet og fellessamling Dette er siste øvinga før framsyninga i kyrkja i kveld. Velkommen til både foreldre og besteforeldre til Valderøy kyrkje i dag kl 18:00. Elevane møter opp kl 17:40.

Elevar og lærarar som har hatt bursdag den siste veka blei hylla med flagg og bursdagssong på slutten av øvinga. Vi hadde til og med ein 50 års jubilant blant oss i dag. På grunn av påskeferien tok vi fram elevar og lærarar som fyller år i påska. Elevar som har fått smilefjes denne veka fekk kome fram å dele med oss kvifor dei hadde fått smilefjes. Ada hadde laga eit stort felles smilefjes til alle skodespelarar, forteljarar, solistar og resten av koret fordi ho meinte at alle har vore så flinke og positive under både filminga og på øvingane. Til slutt overrekte Julie frå 3 b ryddefjøla til 3 a.
Bildearkiv
Siste øving før framsyning i kyrkja i kveldBursdagsbarnGratulerer med overstått 50 års dag, Lena !Desse har bursdag i påskeferien !Gratulerer :)Desse har av ulike grunnar fått smilefjes denne veka.
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator