Påskespelet "har du hørt det"
Publisert 10.04.2014 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Påskespelet "har du hørt det"Torsdag kveld viste elevane fram påske- og syngespelet "har du hørt det" for næraste familie i Valderøy kyrkje. Vi håpar og trur at publikum var tilfreds med framsyninga. Både koret og solistane sin innsats var strålande. Skodespelarane og forteljarane fekk vise fram filmen som er laga på skulen. Dette er eit skuleprosjekt der alle har fått delteke på ulike måtar og alle roller er like viktige for å få eit vellykka skuleprosjekt.

I dag hadde vi framsyning for elevane ved Valderøy barneskule.

Etter skuletid markerte lærarane Lena sin 50 års-dag og Marita sin siste arbeidsdag ved skulen.


Med dette vil vi som lærarar ønskje både elevar og føresette ei god påske !

Bildearkiv
Heile koretFlinke solistarFlinke solistarHer kjem Jesus berande med korsetJesus døde på korsetTerje overrekker ein presang frå Giske kommune.Hanne gir Lena ei 50 års gåve frå dei tilsette ved skulen.Marita sin siste arbeidsdag ved Skjong barneskule.
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator