Tur til Atlanterhavsparken
Publisert 24.04.2014 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Tur til Atlanterhavsparken I dag var 3. og 4. klassingane så heldige å få besøke Atlanterhavsparken. Dette blei ein flott inspirasjonsdag til vårt neste tema om HAV. Tommy tok oss først til pigvinane som skulle ha frukost. Vi fekk til og med sjå ein nyfødd pigvinunge. Deretter fekk vi omvisning i tankane og undervisning om korleis dei mater og steller fiskane. Så fekk vi prøve å fiske krabbe med snøre og studere både sjøstjerne, krabber, hummer, anemoner, eremittkrepser m.m.

Matpausen tok vi sjølvsagt utandørs i det strålande flotte veret. Elevane fekk fritt utforske meir på akvariet resten av tida. Nokre ville inn å sjå meir på fiskane, medan andre ville leike ute i parken.

Vi avslutta turen med å gå ein tur på SIF-bana for å prøve den nye hinderløypa dei har laga til i skogen. Dette var ei flott avslutning på turen før vi tok bussen tilbake til skulen.
Bildearkiv
Pigvinane får frukostIvrige krabbefiskararMykje spanande å studereHer viser Tommy oss dykkerutstyret og orienterer oss litt om korleis dei mater fiskane i tankane.Her får vi sjå korleis matinga går føre seg i tankane.Ein velfortjent matpause ute i det fine veret.Vi prøver ut hinderløypa ved SIF bana.
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator