Fedagssamling, 02.05.14
Publisert 04.05.2014 av Ada Hansen
Fedagssamling, 02.05.14Endeleg!! Endeleg var det tid for ei ekte fredagssamling igjen. Den var det mange av elevane som hadde sakna. Det er rart med det, fredagen er ikkje heilt rett utan fredagssamling. Denne fredagen var det Lena som leia samlinga, og den hadde dei faste postane. Alle med smilefjes skulle kome fram, men gjett kva!? Denne gongen var det ingen som hadde fått smilefjes! Vi trur det skuldast dei korte vekene på grunn av fridagar. Skal sjå det er fleire med smilefjes neste fredag! Denne fredagen var det to det skulle syngjast for. Ein elev og ein lærar. Det var eleven som fekk velje bursdagssong, og alle stemde i med «Hurra for deg!» Vidare øvde vi på to songar som vi kanskje får høve til å framføre for foreldre / føresette seinare. Ryddefjøla går frå klasse til klasse. Nå var det 2B som overtok fjøla frå 3A. Denne veka vart det funne nokre med femti leiker ute! Det tyder at alle kan verte flinkare til å rydde etter seg. Vi får høyre med 2B neste fredag, og håpe på eit betre resultat. God helg!
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator