FREDAGSSAMLING 9.MAI.
Publisert 09.05.2014 av Åse Marie Rønning
FREDAGSSAMLING 9.MAI.Dagens fredagssamling vart leia av Svein-Arve, og innehaldt dei faste postane.
Vi starta med å syngje Happy birthday, for dei elevane som hadde hatt bursdag sidan førre fredagssamling.

Etter dette var det tid for smilefjes, og dei som hadde fått det, hadde teke ansvar, to elevar hadde blitt flinkare til å lese, ein elev hadde kosta golvet på klasserommet, og ein fekk smilefjes fordi ho er snill i midttimen og høyrer etter kva dei vaksne seier i timane.

Terje fekk ordet etter dette, og han snakka om kva for vaksne som arbeider på skulen, og kva for arbeid som må til for at skulen skal drives. Han snakka om at alle som arbeider her, gjer ein viktig jobb, og at vi må vise alle respekt og vere hyggelege.

Det var så tid for verkstadinnslag frå Lena og Åse-Marie sin verkstad "Hav i storm og stille". Mange elevar synte fram bilete dei hadde måla, og så song vi ein song med dramatisering og kulissar til.

Til sist kom 2B fram og fortalde om ryddinga dei har hatt ansvar for denne veka. Dei fann 41 leiker ute, og masse klede. Ryddefjøla vart given vidare til 1.klasse.

GOD HELG ALLE SAMAN!
Bildearkiv
Nokre av dei som har fått smilefjes.Fleire smilefjes...Flotte maleri!Fiolinspel til "Så stille stille sjøen lå".Kven eig desse kleda?Dramatisering til songen.Ryddefjøla frå 2B til 1.klasse.
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator