Tysdagssamling, 27.05.14
Publisert 27.05.2014 av Ada Hansen
Tysdagssamling, 27.05.14Tysdagssamling, 27. mai
Denne veka vart det tysdagssamling i staden for fredagssamling. Sist fredag vart det ikkje samling, då vi hadde kjekt musikk og songbesøk. Sidan vi ikkje er på skulen på fredag, vart det altfor lenge å vente enda ei veke.
I dag var det Lena som leia samlinga, og vi starta som vanleg med siste vekas bursdagsborn. Sidan sist var det tre som hadde fylt år, og vi song for dei. Vidare fekk dei med smilefjes komme fram og fortelje kvifor dei hadde fått det. Det er som Lena sa, ~ så kjekt for oss vaksne å få jobbe på ein skule der det er så mange hyggelege, høflege og hjelpsame elevar!  Her var elevar som trøyster om nokon er lei seg, som ser etter at ikkje nokon går aleine, som hjelper til å halde orden i klasseromma, som arbeider godt med faga, som deler på fargeblyantar og anna og som er flink til å seie fine ting. ( komme med komplimenter) Snakk om flotte elevar!!
Verkstaden til Åse Marie og Lena har arbeidd med Bibelforteljinga «Jesus stiller stormen.» Der har elevane fått måle havet i storm og stille, heilt slik dei var inspirerte til. Dei har óg dramatisert denne Bibelforteljinga. Dei song til og ein av elevane spelte flott på munnspel til songen.
Av andre elevinnslag på denne samlinga, var det nokre som viste fram to ulike klappeleikar. Nokre spreke jenter turna og viste akrobatikk. Til slutt gjekk ryddefjøla frå 4. klasse til 3a.
Før vi gjekk kvart til vårt, minna Lena oss på at i morgon kjem dei nye 1.klassingane på besøk. Dei skal ha nokre timar på skulen, for å prøve korleis det er å gå på skule. Alle lova å sjå ekstra godt etter dei, så dei får ei kjekk oppleving på skulen.
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator