FREDAGSSAMLING 06.06.2014
Publisert 06.06.2014 av Lena Giske Remøy
FREDAGSSAMLING 06.06.2014Inger Anne leia denne første fredagssamlinga i juni.

På programmet stod følgjande postar:

*Fødselsdagsbarn
*Lesing i fokus ved Ada si norskgruppe
*Smilefjes
*Fjørekunst laga på Lisbeth sin verkstad: «Havet og fjøra» (kunstbilete)
*Øve på songar til sommarfesten

Første post var å ta fram tre stolte og glade gutar som hadde fylt år sidan sist vi var samla. Med kvart sitt flagg stod dei forventningsfulle og venta på hyllesten medan heile skulen song: ”Happy birthday to you”!

Som inspirasjon til andre programpost starta Ada med å lese Tove Fagerholm sitt dikt: «Tryllefomel for deg som vil lese». Gjennom å lese kvar sine vers fekk vi i praksis oppleve elevar som hadde erverva seg lesekunsten. Det var så kjekt å høyre kor godt dei hadde øvd! Her kom det tydeleg fram at «øving gjer meister»!

Også denne veka var det barn som hadde bidrege positivt til fellesskapet ved å rydde og halde orden i klasserommet. Dei fekk si velfortente utmerking gjennom «Smilefjes», samt applaus frå medelevar og personale!

Denne veka var det siste rullering på verkstaden «HAV». Lisbeth sin verkstad, «Havet og fjøra», har mellom anna brukt tysdagane i strandkanten. Elevgruppene sine kunstneriske og kreative evner kom tydeleg fram gjennom dei flotte fjørekunstbileta som vart vist på storskjerm!

Avslutningsvis øvde vi på songane til sommarfesten: «Vi er barn som har mye å gi» og «Stopp ikkje mobb!». Det er viktig at elevane øver godt på songtekstane heime slik at vi kan desse til vi skal opptre for familie og vener den 12.06.14!

Vi vil ønskje alle ei riktig god Pinse!

Bildearkiv
Her ser vi tre flotte gutar som blir hylla gjennom fødselsdagssong og applaus!Elevar som viser leselyst!Bokstavar blir til ord, til eventyr, forteljingar, dikt og songar....Det er kjekt å bli hylla gjennom "Smilefjes" når ein er hjelpsam og utfører gode gjerningar!Når ein gjer ein ekstra innsats når det gjeld orden i klasserommet er det på sin plass å bli hylla!Lisbeth fortel kort om verkstaden "Havet og fjøra" og om bileta som elevane har samarbeidd om.Det er kjekt å få bruke dei kreative eigenskapane i gruppa!Ein kan finne mykje og mangt i fjøra som eignar seg til kunstverk!Sommarblomar gir ekstra farge til kunstverka!Det er kjekt å skape noko saman med andre!Flott kunstverk!Det er mykje ein kan finne i fjøra som kan kome til nytte gjennom kunstverka!For eit fint resultat når fleire samarbeidar om produktet!Det ligg mykje arbeid bak så flotte bilete!
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator