Skuletur til Hustruhamna
Publisert 28.08.2014 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Skuletur til HustruhamnaOnsdag var vi på skuletur på Hustruhamna. Vi hadde ein fin dag med fint vêr og stor aktivitet i fjøra med grilling, krabbefiske m.m. Store og små kosa seg i dette flotte naturområdet i dag. Dei nye 1. klassingane våre viste seg å vere skikkeleg spreke.

Intensjonen vår med ein skuletur tidleg på skuleåret er å bli kjende med nye elevar og lærarar. Felles opplevingar kan vere med på å styrke samhaldet og fellesskapet både i klassa og blant elevane og lærarane på heile skulen.
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator