Fredagssamlinga, 22.08.14
Publisert 22.08.2014 av Ada Hansen
Fredagssamlinga, 22.08.14Fredagssamling, 22.08.14
Det var Lisbeth som leia dette skuleårets første fredagssamling. Vi har aldri vore så mange elevar ved Skjong skule, så det er litt av ei utfordring å få plass til alle til fredagssamling. Sidan sist har vi fått nye 1.klassingar som fekk kome opp og syne seg fram, og seie kva dei heiter. Sjølvsagt med god støtte frå Lena og Inger Anne. Ikkje berre det, dei hadde jammen meg klart eit elevinnslag allereie på første samlinga. FLOTT 1.klasse!!
Ein stor takk til dei andre elevane også, for at dei var så flike til å vise dei nye elvane våre korleis ein skal oppføre seg på fredagssamling.
Alle som har hatt bursdag i løpet av sommarferien fekk reise seg, og vart sunge for. To jenter hadde hatt bursdag siste veka. Dei vart også gjort stas på.
Smilefjesa hadde vi ikkje kome skikkelg i gang med, men berre vent til neste fredag! Ryddefjøla skal også starte si runde i dei ulike klasseromma da.
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator