Fredagssamling 28.august 2014
Publisert 29.08.2014 av Lisbeth Røsvik Ytterland
Fredagssamling 28.august 2014Ada avslutta i dag skuleveka med felles samling for heile skulen. Vi starta med "Skjong sangen" som snart blir historie. Tre av elevane har hatt bursdag denne veka. Dei blei hylla med sang og applaus. Mange elevar har fått tildelt smilefjes denne veka. Dei fekk kome fram å fortelje kvifor dei har fått smilefjes av læraren sin. 4. klassingane har dei første vekene arbeidd med temaet verdsrommet som tema i naturfag. Lena lærte oss sangen om planetane på samlinga i dag. Til slutt fekk Ada fram to elevar som skulle fortelje om "ryddefjøla" til nye elevar. Ryddefjøla vart levert til 4 c. Dei har dermed hovudansvaret for at alle uteleikene er rydda inn i leikeskuret neste veke.

Ada avlsutta samlinga med å ønskje alle ei god helg !
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator