Lurivar og kjærleiken
Publisert 05.09.2014 av Inger Anne Urkedal
Lurivar og kjærleikenI dag hadde 1. og 2. klasse besøk av tunkatten Lurivar og Silje. Silje elskar bøker og kom for å lese for oss, men Lurivar hadde lurt seg med i bagasjerommet heilt ifrå Ivar Aasen-tunet, der dei bur. Lurivar ville gjerne vere med på tur for han elskar ord og er stadig på jakt etter nye, spanande og flotte ord. Han hadde med seg ein sekk med alle orda han hadde samla, over elleve tusen. Det var ei fengande forestilling med mykje song og moro. Elevane fekk vere deltakande både i song, dei gav Lurivar fleire nye ord og dei fekk trekke ord frå ordsekken til Lurivar og vere med på å lage dikt. Lurivar var lykkeleg og fornøgd med alle dei nye orda han fekk samla hos oss.
Silje og Lurivar dramatiserte og korleis Ivar Aasen gjekk fram då han samla dialekter for å skape nynorsken. Vi fekk og æra av å vere med i agent ordspion klubben. Heilt til slutt vart forestillinga avslutta ved at elevane fekk øve på å marsjere.
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator