Fredagssamlinga, 5.september
Publisert 07.09.2014 av Ada Hansen
Fredagssamlinga, 5.septemberFredagssamlinga, 5. september
Denne fredagen var det Åse-Marie som ønska velkommen fredagssamling. Det har vore veldig god stemning på samlingane denne hausten, og denne fredagen var ikkje noko unnatak. Elevane sit fint på rekkje og dei følgjer med på den eller dei som står framme, og har noko å seie.
Den første posten er alltid lik. Då får alle som har hatt bursdag sidan sist kome fram for å bli sunge til. Godt vi har Lena som alltid akkompagnerer på gitar!
Vidare på programmet var det dei med smilefjes som fekk kome fram og fortelje kvifor dei har gjort seg fortent til eit slik. Også denne fredagen var det mange som hadde gjort gode gjerningar og vore greie med sine medelevar.
Det er alltid kjekt med elevinnslag, og denne gongen var det tre jenter frå 3C som ville vise ein klappeleik dei hadde øvd på. Flott!
Rektor viste fram «Vikingen» og informerte om den. Det er tre ting å øve på framover,
~Å stå fint i rekke
~ Å gå fint i rekke
~ Å sitte fint på samlingar
Den klassa som framover ei tid er flinkast til dette, blir den første klassa i år til å få « Vikingen.» Det blir spannande å sjå!
Også i år har vi trivselsleiarar. Desse TL-elevane har vore på kurs og lært mange leikar som dei lærar bort på skulen, og har ansvar for å dra i gong i friminuttet. Jakob presenterte dei 8 nye TL- elevane og fortalde kva som er «jobben» deira.
Før vi sa god helg, vart ryddefjøla sendt vidare.
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator