Fredagssamling
Publisert 17.10.2014 av Inger Anne Urkedal
FredagssamlingFredagssamlinga idag vart leia av Jakob som kunne fortelle at han var litt smånervøs sidan dette var første gongen han skulle leie. Men nervøsiteten forsvann fort når dei flotte og flinke elevane våre kunne hjelpe han med alt han skulle hugse:) Det var ei fengande og flott fredagssamling med fin allsong, bursdagssang og utdeling av smilefjes til ein god gjeng elevar. Det er mykje fine ord, gode gjerningar og hjelpande hender blant elevane på skulen, dette er vi som lærarar veldig stolte av!
Jakob informerte og om tv aksjonen som er førstkommande søndag. Det er Kirkens Nødhjelp som samlar inn penger til vatn til fattige familiar i Afrika. Vi fekk sjå ein liten film om Agnes på rundt 8-10 år frå Tanzania som hentar vatn til familien sin to gongar dagleg, noko som kan ta opptil 5 timar.
På tampen av samlinga viste ein av førsteklassingane våre fram ein artikkel frå Nytt i Uka der han var avbilda ilag med bestefaren og to til når dei hadde vore og drege teine. Han hadde og nokre gode spørsmål til dei andre elevane om krabbe og krabbefangst:)
Heilt til slutt vart ryddefjøla overrekt frå 4d til 3c.
God helg!
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator