Fredagssamling
Publisert 03.11.2014 av Tonje Hay Olsvik
FredagssamlingFredagssamlinga forrige veke vart leia av Sunniva. Det var første gong Sunniva leia fredagssamlinga, og ho var kjempeflink! Ho starta med å skryte av alle klassane som var veldig flinke og komme stille inn og sete beint på rekke. Første post på programmet var å ta fram dei elevane som hadde hatt bursdag sidan sist fredagssamling. Det var ein elev frå 2c denne veka. Neste post var å ta fram dei elevane som denne veka hadde fått smilefjes. Der var det mykje fine ord, gode gjerningar og hjelpande hender blant elevane våre. Vidare hadde vi to flotte elevinnslag frå jenter på 4. trinn. Først ut var to jenter som viste ein flott "knuteleik". Vi fekk også sjå ein morosam sketsj frå nokre jenter, om den blodige handa. Kjempeflinke elevar! Etterpå vart ryddefjøla gitt frå 3C vidare til 3D. Fredagssamlinga vart avslutta med ein flott allsang.
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator