FREDAGSSAMLING 24.10.14.
Publisert 24.10.2014 av Lena Giske Remøy
FREDAGSSAMLING 24.10.14.Det var Tonje som leia og på fint vis losa oss gjennom fredagssamlinga, eit av høgdepunkta i skuleveka.
Også denne fredagen hadde vi som vanleg dei faste postane: -«fødselsdagsbarn», -«smilefjes» –«elevinnslag» og –«ryddefjøla».

*Fødselsdagsbarn:
I dag var det tre fødselsdagsbarn og ein lærar som vart hylla med flagg og song.
11 elevar hadde gjennom veka utmerka seg på positivt vis noko som førte til at dei har fått smilefjes. Det dreide seg om alt frå god arbeidsinnsats i timane, flott leksearbeid, vere hjelpsam og ein god ven m.m.. Det er fint å få høyre om alt det positive som skjer i timane og i friminutta! Vi tenkjer at desse gode eksempla avlar nye positive handlingar til glede for både små og store!

*FN-dagen, i dag, 24.10.14.
Klasse 4C og 4D har lært om FN den siste tida, og dei viste til FN sin konvensjon om barn sine rettigheter. Alle barn har eigne rettar/lover som skal sikre at dei skal få det best mogleg. Barn har mellom anna rett til å gå på skule, rett til kvile, fritid og leik og rett til å seie si mening i alt som angår dei. FN sin barnekonvensjon inneheld 42 punkt som sier kva rettigheter alle barn har.
Elevane hadde øvd, og var flinke då dei las fleire av artiklane for oss på fredagssamlinga. Tusen takk til dokke alle!

*Fellessang:
Etter informasjon om FN passa godt med sangen: «Vi er barn fra forskjellige land».

*Sjølvlaga reklamefilm:
Fire jenter frå 4. klasse hadde laga reklamefilm om «Rosiner» Eit kreativt og flott innslag på fredagssamlinga!

*TL-dans: Til fengjande rytmer og synkroniserte rørsler var det kjekt å få oppleve dei positive trivselsleiarane våre gjennom TL-dansen

*Ryddefjøla: Siste post på programmet var ryddefjøla. Denne veka har det vore mange som ikkje har gjort jobben sin når det gjeld å rydde inn leiker etter friminuttet. Heile 90 leiker låg att ute! Vi må bli betre til å rydde; dersom alle tek ei leike kvar, når vi høyrer «rydderinget», får vi inn får vi inn alle leikene før helga! Det er klasse 3C som skal ha ryddefjøla neste veke! Lykke til!

Vi ønskjer alle saman ei riktig god hausthelg!


Bildearkiv
På fint vis leia Tonje  fredagssamlinga i dag!Tre elevar samt Sunniva har fylt dag denne veka! Gratulerer så mykje!Elevar får ros gjennom "Smilefjes" for god innsats!Elevar som fortel kvifor dei har fått "smilefjes".Det er kjekt å bli hylla gjennom "smilefjes"!Denne fredagen var det 11 elevar som fekk smilefjes!4C og 4D fortel om FN og les om barn sine rettar.4C og 4D fortel om FN og les om barn sine rettar.4C og 4D fortel om FN og les om barn sine rettar.Her er artikkel nr 29.Elevane hadde øvd godt på artiklane om barn sine rettigheiter!4C og 4D fortel om FN og les om barn sine rettar.Vi er klare for å høyre sjølvlaga reklame om ROSINER.Det er alltid kjekt å sjå på elevar sine kreative innslag: som her gjennom sjølvlaga reklame om rosiner.Medelevar sit stille og er spente på kva som sker.Kjekt for publikum og kjekt for skodesplarar!Så er det tid for TL-dans.Fengjande rytmer og rørsler i raskt tempo! Dette fengjer alle!Her var det mykje smil og glede!Takk for flott dans, kjære Trivsels Leiarar!
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator