FREDAGSSAMLING 21.NOVEMBER
Publisert 23.11.2014 av Åse Marie Rønning
FREDAGSSAMLING 21.NOVEMBERFredagssamlinga vart leia av Ada denne fredagen, og samlinga hadde dei faste postane og nokre elevinnslag.
Ada starta med å ønske velkommen, før vi song for dei elevane som hadde hatt bursdag denne veka.
Det var mange elevar som hadde fått smilefjes, for god innsats og gode gjerningar.
3D har hatt gruppearbeid i kunst og handverk, og ei gruppe var framme og viste fram eit flott bilete frå ei dyrehage.
Ada minna elevane på kva for veg, dei skal bruke når dei går eller syklar til skulen.
Trivselsleiarane fortalde om mykje tull og tøys på TL-dansen og sa at dei som skal vere inne og danse, må høre etter kva trivselsleiarane seier, og gjere slik dei får beskjed om.
3D hadde øvd inn BlimE-dansen saman med Tonje, og dei dansa flott for oss!
Til slutt var ein elev frå 2.klasse framme og fortalde om kor mange leiker dei hadde funne ute.
Takk for ei fin fredagssamling!
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator