Besøk til Atlanterhavsparken
Publisert 11.12.2014 av Tonje Hay Olsvik
Besøk til AtlanterhavsparkenTorsdag 11. desember spanderte FAU tur på heile skulen til Atlanterhavsparken. Vi drog frå skulen i buss, og var nesten heile dagen på akvariet. Vi fekk sjå på når dei gav frukost til selane og til pingvinane. Vidare fekk vi eit ark med spørsmål der vi skulle gå rundt i akvariet og finne svara på. Etterpå fekk vi gå rundt slik som vi ville, og klassevis fekk vi vere inne på aktivitetsrommet. Vi har hatt ein kjempekjekk dag, tusen takk til FAU!
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator