Siste skuledag på Skjong skule
Publisert 13.12.2014 av Inger Anne Urkedal
Siste skuledag på Skjong skuleFredag 12.12.14 var dagen komen, aller siste skuledag ved Skjong skule. Ein slik merkedag må markerast på skikkeleg vis og med hjelp av FAU vart dette ei flott avslutning.
Alle klassene var samla til ei litt annleis fredagssamling leia av Lena.
1. klassingane åpna med nydeleg Lucia tog pg song, før to tredje klassingar tente adventslys og heile skulen song med. Det vart og synge julesongar, Skjongskule songen, utdeling av smilefjes og markering av bursdagsborn. For første gong var det ikkje berre elevar som fekk smilefjes, men Lena delte ut smilefjes til alle dei ansatte som takk for den innsatsen dei gjer kvar einaste dag.
FAU stilte opp å laga til og spanderte pølse med brød, bollar, potetgull og brus!! Årets lunsj med andre ord:) Tusen takk til alle foreldre for dette, og ei ekstra takk til Iren, Tore og Therese, som og fekk smilefjes for sin innsats:)

No er Skjong skule historie, ein skule med verdas beste elevar, verdas beste ansatte/kollegaer og verdas beste foreldre. Med det som utgangspunkt ligg alt til rette for at det skal bli heilt supert å vere elev, ansatt og foreldre ved nye Valderøy barneskule og.
Takk for no, vi gler oss til fortsettelsen:)
Bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator